Sjekkar melding om nattevandrar
Vest politidistrikt har ikkje registrert alvorlege hendingar natt til tysdag. Ifølge operasjonsleiar Frode Kolltveit har det berre vore snakk om oppdrag av mindre alvorleg karakter. – Det er meldingar om folk som går og ruslar i ein hage, og no sist ein person som vandrar rundt i eit parkeringshus. Ein patrulje sjekkar, seier Kolltveit.