Hopp til innhold

Vil skjerpe straffa for tjuvfiske

Statssekretær Atle Hamar (V) meiner eitt års fengsel for tjuvfiske ikkje er nok. Til Firda seier statsekretæren i Klima- og miljø at han vil jobbe for strengare straffer. – Ulovleg laksefiske er alvorleg miljøkriminalitet, men det kan sjå ut som at strafferammene ikkje reflekterer den vinsten ein kan få på å fiske ulovleg, seier Hamar til Firda. Søndag vart det funne 300 meter drivgarn som fiska etter laks ved Flokeneset i Førdefjorden.

Statsskretær Atle Hamar, klima- og miljødepartementet
Foto: Snorre Tønset