Hopp til innhold

Blir omsorgsbustader

Bystyret i Flora kommune har i dag vedteke å ta i bruk det gamle sjukehusbygget til omsorgsbustader, det skriv Firdaposten. Kommunen kjøpte bygget frå Helse Førde i 2013, men store delar av bygget har stått tomt i fleire år. No skal det byggast 30 heildøgnsbemanna omsorgsbustader i austre fløya i bygget.

Tidl. Florø sjukehus
Foto: Ottar Starheim / NRK