Hopp til innhold

Brann ved Elkem Bremanger

Det brenn i ein høgspentkabel ved renseanlegget på Elkem Bremanger. Brann og ambulanse er på staden, medan politiet er på veg. Det skal ikkje vere personskade. Det vart først meldt om ingen synlege flammar. Like etter blir det meld om opne flammar i kabelgrøfta, men at brannvesenet har kontroll.