Hopp til innhold

Coop Vest vurderer fusjon

Samvirkeføretaka Coop Vest og Coop Orkla Møre vurderer å fusjonere, skriv Firda. Administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe, seier dei har sett i gang eit utgreiingsarbeid for å finne ut om ein fusjon er rette vegen å gå. Viss svaret er ja kan årsmøta i laga alt til hausten gjere vedtak om samanslåing. Coop Vest har hovudkontor i Førde og butikkar over heile Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.

Geir Espe i Coop Vest
Foto: Silje Guddal / NRK