Hopp til innhold

Kan få tvangsmulkt på 2000 kr dagen

Eid risikerer å måtte betale tvangsmulkt på 2000 kroner kvar dag om dei ikkje lagar ein plan for å avgrense kjemisk eksponering, det skriv Fjordabladet. Arbeidstilsynet har vore på tilsyn hjå brann og – feiarvesenet i kommunen, og det var då dei etterlyste ein plan med tiltak, skriv avisa. Eid kommune har fått frist på seg til 1. juli til å få på plass ein slik plan.

Eid rådhus
Foto: Ottar Starheim / NRK