Hopp til innhold

Meiner staten må ta meir ansvar

Staten må ta meir ansvar ved ekstraordinær naturskade på fylkeskommunen sin infrastruktur. Det meiner KrF som i dag reiser eit representantforslag, også kjent som dokument åtte-forslag, om dette i Stortinget. Stortingsrepresentant Tore Storehaug seier erfaringane frå flaumar som i Utvik og Agder viser behovet for ein ny gjennomgang av regelverket.

Tore Storehaug (Krf) i stortingets spørretime
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix