Hopp til innhold

Skarp kritikk mot fylkesrådmannen

Fylkesrådmann Tore Eriksen (bildet) fekk i dag skarp kritikk frå fylkestinget for store manglar og svikt i den fylkeskommunale innkjøpsordninga. Fylkestinget meiner også at fylkesrådmannen ikkje har orientert politisk nivå på ein tilstrekkeleg måte. Revisjonen fann mellom anna mangelfull konkurranseutsetjing i 8 av 26 innkjøp og manglande dokumentasjon i 9 innkjøp. Senterpartiet fekk ikkje fleirtal for ein noko mildare kritikk av fylkesrådmannen.

Fylkesrådmann Tore Eriksen
Foto: Bård Siem / NRK