Hopp til innhold

Omfattande søk i Øygarden

Hovudredningssentralen har sett i gang eit omfattande søk etter melding om at det er høyrt rop frå sjøen ved Tjeldstø i Øygarden. – Vi har sendt redningshelikopter, luftambulanse, redningsskøyte og får bistand frå eit NATO-skip. I tillegg er brannvesenet på staden. Det er ikkje meldt om nokon sakna i området, seier redningsleiar Edvard Middelthon ved Hovudredningssentralen.