Håpar på EM-billett
Karoline Holsen Kyte og Eivind Øygard er eit langt steg nærare EM-plass etter løpa i Nordisk meisterskap i Danmark laurdag. Holsen Kyte vart nummer fire i kvinneklassa, medan Øygard vart nummer fem i herreklassa, skriv Firda. Sjølv om det ikkje vart individuelle medaljar på dei to sunnfjord-utøvarane, så fekk det norske laget sølvmedaljar i lagkonkurransen. Berre to fattige poeng bak Sverige.