Hopp til innhold

Lukka møte utan lov

Formannskapet i Lærdal haldt eit lukka møte som skulle ha vore ope, det er konklusjonen til Fylkesmannen. Etter at formannskapet i kommunen hadde eit lukka møte 28. oktober, har Fylkesmannen gjennomført ein lovlegkontroll. Konklusjonen deira er klar, nemleg at politikarane ikkje skulle ha haldt presse og andre tilhøyrarar ute frå møtet.

Lærdal rådhus
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK