Hopp til innhold

Leiter etter antatt omkomen

Politiet i Kvinnherad får i dag hjelp av droner frå Kystvakten i søket etter ein sakna amerikanar. Den sakna 57 åringen blei sist sett 26. august då han hadde sjekka ut av eit hotell i Rosendal. Han skal ha fortalt vitner at han skulle på tur før han reiste heim til USA. Leigebilen hans står framleis parkert i Rosendal.