Hopp til innhold

Gjer undersøking i Lærdalselvi

Det skal gjerast ei såkalla fiskebiologisk undersøking i Lærdalselvi, etter tabben der vatnet i den populære lakseelva vart tappa ned for mykje ved ein feil. Fiskarar og grunneigarar fryktar fleire generasjonar med laks- og sjøaureyngel kan ha gått tapt, men ingen veit noko sikkert om kva skader tabben har ført til. Østfold Energi, Lærdal kommune og elveeigarlaget er samde om å gjere ei undersøking for å kartlegge skadeomfanget. – Det veit vi ikkje noko om enno. Det er berre observert død fisk ein stad, og vi håpar og trur at skadeomfanget er vesentleg mindre enn det er framstilt i media, seier administrerande direktør i Østfold Energi, Oddmund Kroken, til NRK.

Daud yngel i Lærdalselvi
Foto: Privat