Hopp til innhold

Størst nedgang i sjukefråværet

Berre Oslo har lågare legemeldt sjukefråvær enn Sogn og Fjordane. Her i fylket ligg fråværet på fem prosent, viser tal frå NAV. Medan dei fleste fylka i landet har hatt ei auke i sjukefråveret, har tala i Sogn og Fjordane gått ned med 2,5 prosent. NAV-direktør Thore Thorsnes trur grunnen til det låge sjukefråveret kjem av gode haldningar hos arbeidstakarane, arbeidsgjevarane og legane.