Hopp til innhold

Skot gjekk gjennom vegg

Eit skot gjekk i går kveld gjennom eit hus i Harald Sæveruds veg i Fana, skriv BA. Politiet har funne prosjektilet i huset. Den eldre dama som bur der vart ikkje treft av skotet. Politiet antar at skotet kom frå skytebana på Stavollen, og har sendt varsel om vedtak om midlertidig stenging av bana.