Hopp til innhold

726.000 til turisme ved Trolltunga

Hordaland fylkeskommune løyver 726.000 kroner til «Totalpakke reiseliv» i Odda kommune. Målet er å få Trolltunga-turistane til å bli lenger i Odda, gjennom utvikling av tilbod innan mat, overnatting, opplevingar, aktivitetar og arrangement. – Situasjonen i Odda er svært spesiell ettersom det kjem mange turistar frå stader av verda der ein ikkje er vant med å gå i fjellet, seier konstituert næringssjef Arthur Arnesen.

Trolltunga
Foto: Asle Hella / NRK