Hopp til innhold

Slepp kvalifisering

Dersom Førde sitt damelag i handball vinn si avdeling i 2. divisjon rykker laget opp i 1. divisjon utan kvalifisering. Årsaka er at Halden HK har trekt laget sitt frå eliteserien av økonomiske grunnar. Dette får fylgjer nedover i divisjonane, og dei fire laga som vinn sine 2. divisjonsavdelingar rykker opp utan kvalifisering. Førde har ei klar leiing i si avdeling og kan vere klar som vinnar om dei vinn dei to neste kampane.

Førde handball kvinner
Foto: Førde handball