Hopp til innhold

Avskilta for tekniske manglar

To køyretøy vart avskilta under ein kontroll på Nordfjordeid i går, eitt for tekniske manglar og eitt for manglande EU-kontroll. Fire førarar fekk gebyr for manglande bilbelte, fire gebyr for manglande dokument og eitt gebyr for utslitne dekk.