Hopp til innhold

Bom stopp for seks vogntog

Statens vegvesen gav seks vogntog bruksforbod under ein kontroll i Lærdal i går kveld og natt. Eitt av vogntoga hadde feil på bremsene og mangla brems på eit hjul på tilhengaren, medan fleire hadde for mykje last.