Hopp til innhold

Ynskjer tips om skilt

Eit kommuneskilt med «Hornindal» er fjerna frå fylkesveg 60 ved Støverstein. Politiet ynskjer tips på telefon 02800. Det er andre gongen at eit kommuneskilt er stole i Hornindal. Sist gong var natt til 5. august i fjor. Frå 2020 går Hornindal og Volda saman til ein kommune.