Hopp til innhold

June i gang med opptreninga

Handballspelaren June Andenæs frå Gloppen er i gang med opptreninga etter kneskaden som ho fekk i ein seriekamp for Glassverket i november. Ho vart operert for fem veker sidan og har no kasta krykkene. – Men det er framleis lang veg å gå før eg kan spele handballkampar, seier June Andenæs til NRK. Ho håpar å vere kampklar att utpå hausten.

June Andenæs i aksjon for landslaget.