Fire på landslag
Sogn og Fjordane er godt representert på styrkeløftlandslaget kommande halvår. Silvia Kapstad frå Førde er med på juniorlandslaget for kvinner, medan trioen Fredrik Eskil Myrvang, Roger Navarsete og Tommy Navarsete er på seniorlandslaget i benkpress.