Vil starte etterforskinga
Politiet håper å kome i gang med etterforskinga i dag, etter at det har brunne i ein krabbefabrikk på Atløy i Askvoll kommune i fleire dagar. Politiet har vakthald på staden for at uvedkomande ikkje skal kome inn og skade seg eller vere til hinder for etterforskinga.