Hopp til innhold

Tekne for ulovleg dumping

Garnbåtane Kato frå Møre og Skjongholm frå Sogn og Fjordane har fått til saman 85.000 kroner i bot og inndraging av fangst, etter at Kystvakta filma medan dei dumpa torsk under lofotfiske i vår. Det skriv Fiskeribladet Fiskaren. Saka vart først lagt vekk av politiet, men teken opp att etter krav frå statsadvokaten. Begge reiarlaga har godteke bøtene.