Hopp til innhold

Jakthund sakna i to dagar

Eit jaktlag har i to dagar leita etter ein hund i området rundt Hestfossen i Bjordal på Høyanger sørside. Hunden er av typen beagle og lyder namnet Tessi. Eigaren er svært ulukkeleg over saknet, seier Jens Manger, som er med i jaktlaget. Han ber om at folk som har vore i området og kan ha sett hunden, melder frå på telefon 48052228.