Hopp til innhold

Fire veker i varetekt

To menn i 20-åra er varetektsfengsla i fire veker etter eit innbrot i Florø. Dei to er sikta for innbrot i ein klesforretning i Florø der dei skal ha fått med seg verdiar for 80 000 kroner. Påtalemakta grunngjev kravet for varetekt med fare gjentaking for den eine, og fare at den andre skal kunne reise frå landet. Dei to sikta nektar straffskuld.