Hopp til innhold

Fall i sjøen

Ein mann i 30-åra fall sundag kveld i sjøen under anløp av ein lastebåt ved Dyrstad i Bremanger. – Eg kan ikkje seie noko om skadeomfang, men mannen var oppe og gjekk då helsepersonellet kom til staden, seier Inge Værøy ved Vest Politidistrikt. Den skadde vart send med luftambulanse til Førde Sentralsjukehus.