Hopp til innhold

Flest vil ha Heggø på topp

Sju av ni medlemmer i nominasjonsnemnda vil ha sitjande stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Høyanger på topp på neste års Ap-liste. To av medlemmene ønskte fylkesleiar Hilmar Høl frå Årdal. På andreplassen vil fem medlemmer ha Høl, to går for Helge Robert Midtbø frå Førde, mens to går for Solveig Willis frå Florø.