Hopp til innhold

To vart fotgjengarar på E39

To førarar må ta beina fatt etter ein trafikkontroll i 60-sona på Skei i ettermiddag. Dei to vart målte i 87 og 97 km/t. I tillegg fekk 29 førarar forenkla førelegg for høg fart, høgste målte fart av desse var 83 km/t.