Hopp til innhold

Vingsnes blir ny fagdirektør

Trine Hunskår Vingsnes er tilsett som fagdirektør i Helse Førde etter Hans Johan Breidablik. Ho har samtidig fått permisjon frå den nye jobben i to år. – Det er behov for at ho leiar medisinsk avdeling og bidreg i utviklingsarbeidet i medisinsk klinikk i tida som kjem, seier administrerande direktør Jon Bolstad. I mellomtida skal Kristine Brix Longfellow, som er kommuneoverlege i Høyanger, fungere som fagdirektør.

Trine Vingsnes
Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK