Hopp til innhold

Anmeld for å køyre falleferdig bil

Ein mann i 60-åra vart stoppa av politiet på E39 frå Vadheim mot Førde, fordi delar fall av bilen i fart. – Vi fekk meldingar frå fleire bilistar som fortalde om farlege situasjonar. Vi stoppa føraren av bilen og kverrsette førarkortet, seier Olaug Holme på politiet sin operasjonssentral for Sogn og Fjordane. Politiet opprettar sak.