Hopp til innhold

Ambulanse køyrde inn i bil

Ein ambulanse under utrykking har kollidert med ein bil som køyrde framfor. Dette skjedde på riksveg 5 like ved avkøyringa til Botnavegen i Florø, opplyser politiet. Det er ikkje meldt om personskade, men naudetatane er på staden.