Hopp til innhold

Gloppen inn i ROBEK

Fylkesmannen har i dag meldt Gloppen kommune inn i ROBEK, skriv kommunen på si heimeside. Årsaka er at det ikkje var vedteke ein økonomiplan i balanse for åra 2017–2019 før årsskiftet i år. Kommunen kjem til å vere på ROBEK ut året, men det skal ikkje ha noko å seie for drifta, skriv Gloppen Kommune.