Rådmannen vil gå for Stryn
Tilrådinga frå rådmann i Hornindal, Ann Kristin Langeland, er at kommunen slår seg saman med Stryn. Både Volda og Stryn er interesserte, og innbyggjarane i Hornindal ynskte seg ein felles kommune med alle tre kommunane. Det blir ikkje noko av, og Langeland har no tvilt seg fram til at ein bør gå til Stryn, skriv Fjordingen. Saka skal handsamast politisk komande veke.