Hopp til innhold

Dykka etter søppel

Frivillig drog opp bildekk, syklar og fjernstyrt helikopter under ryddeaksjonen mot marin forsøpling i Solvorn, i Luster. Arvid Mellingen frå Sogn fridykkarklubb seier til Sogn Avis at dei til saman har henta opp eit halvt tonn med søppel. Til hausten tek dei opp att ryddeaksjonen i Sogndal. Neste år går turen til Leikanger.