Hopp til innhold

Vil kutte fem skattekontor

Får Skatteetaten det som dei vil, blir det berre tre skattekontor att i fylket. I forslaget som i dag vart lagt fram for Finansdepartementet blir det foreslått å kutte kontora i Sogndal, Årdal, Florø, Fjaler, og Måløy. Kontora som etaten ynskjer skal halde fram er Leikanger, Eid og Førde. Totalt blir det føreslått å kutta frå 107 til 53 kontor i heile landet. Ifølgje rapporten skal kontora avviklast frå 1. juni 2017.