Hopp til innhold

I 92 km/t i 60-sone

Ein bilførar måtte levere frå seg førarkortet og vart meld til politiet då UP hadde fartskontroll på fylkesvedg 60 i Olden i dag. Farten var 92 kilometer i timen i 60-sone. 11 andre måtte ut med forenkla førelegg. Den kjappaste av dei køyrde i 84 kilometer i timen.