Hopp til innhold

Stakk av etter tre-krasj

Ein mann i 20-åra er mistenkt for ruskøyring etter at ein bil krasja i eit tre på Sandane i 04-tida i natt. Då politiet kom fram til staden hadde føraren stukke av. Han vart etter kvart lokalisert og sendt med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Han skal ha vore medviten og oppegåande etter ulykka som skjedde ved industriområdet Mona.