Hopp til innhold

Meir pengar til kommunesamanslåing

Regjeringa set av meir lokkepengar til kommunesamanslåing. Regjeringspartia er saman med støttepartia Venstre og KrF einige om auke den såkalla infrastrukturpotten. Den var på 50 millionar kroner, men blir auka til 150 millionar. Pengane skal gå til å byggje vegar, bruer eller andre samband mellom kommunar som slår seg saman.