Hopp til innhold

Even Hovland kaptein frå start

Etter å ha slite benken i mange månadar får Even Hovland i kveld endeleg sjansen frå start når Nürnberg møter Kaiserslautern. Han stiller til kamp 20.30 med kapteinbindet på også. – Eg må berre trene og vere klar når moglegheita kjem. For før eller seinare kjem den med skadar og karantene på dei andre, sa Hovland til NRK tidlegare i dag.

Laster Twitter-innhold