Hopp til innhold

Båt på grunn ved Stad

Ein mann måtte hentast med redningshelikopter ved Austervika på Stadlandet i føremiddag. Båten fekk motorstopp, og gjekk på land. Han vart send til lege for sjekk, men kom uskadd frå hendinga. Politiet har teke blodprøve av føraren etter mistanke om promille, melder dei på Twitter.