Hopp til innhold

Sjåførar snakka i mobilen

Fem bilførarar fekk forenkla førelegg for mobilbruk, og ti fekk gebyr for manglande bilbelte under ein trafikkontroll på E39 i Førde i ettermiddag. Utrykkingspolitiet skreiv også ut eitt gebyr for dårleg mønsterdjupne på dekk under kontrollen.