Hopp til innhold

Fleire konfliktar i Konfliktrådet

Konfliktrådet i Sogn og Fjordane hadde i 2015 ein auke i saker på 35 prosent samanlikna med året før. Totalt hadde dei 140 saker, noko som er 36 fleire enn i 2014. Leiar i Konfliktrådet i fylket, Bjarte Hauge, trur auken skuldast at fleire er blitt medvitne på dei. Tradisjonelt får Konfliktrådet flest saker gjennom politiet, men no tek fleire kontakt med dei direkte.