Hopp til innhold

Sju kvinner krenka av pågåande mann

Sju kvinner i Førde har kontakta politiet etter å ha blitt krenka av ein mann. Onsdag skapte mannen frykt då han kom inn på Hafstad vg. skule. Han vart bortvist av skuleleiinga, skriv Firda. Politioverbetjent Elin Tennefoss seier til avisa at dei har blitt kontakta av skuleelevar og vaksne damer som fortel at vedkommande har helst på dei og vore hyggeleg. Når dei så helser tilbake, kysser han dei.