Hopp til innhold

Jaktar nytt Fjord1-styre

Allereie 7.desember skal det peikast ut nye styremedlemmer i Fjord1. Torsdag trakk styreleiar Reidar Sandal og fire andre styremedlemmer seg i protest mot fylkeskommunen sitt sal av reiarlaget til Torghatten. No er jakta på nye namn i gang, stadfester fylkesordførar Jenny Følling. – Det blir det ekstra fylkesutvalsmøte med påfølgande generalforsamling seinare på dagen, der ein vil oppnemne nytt styre. Fylkesrådmannen skal komme med framlegg til namn slik at ein har eit grunnlag å velge frå. Vi har allereie drøfta namn, seier Følling til NRK.