Får ikkje byggje ut kraftverk
Miljødirektoratet avslår ein klage frå Småkraft AS om dispensasjon for verneforskrifta for Stølsheimen landskapsvernområde. Fylkesmannen har tidlegare sagt nei til Småkraft sitt ønske om å bygge ein inntaksdam til eit kraftanlegg i Breidalselva på sørsida av Høyanger. Miljødirektoratet skriv i avslaget at vasskraftutbygging fort vil komme i direkte strid med vernet, sjølv om det er snakk om ein liten dam i randsona av verneområdet.