Hopp til innhold

Dømd for trygdebedrageri

Ei kvinne i 50-åra frå Sunnfjord er dømd til fengsel i 36 dagar for trygdebedrageri. Bakgrunnen er at kvinne over ein periode på to år, ikkje førte opp kor mykje ho faktisk jobba på meldekorta til NAV. På denne måten fekk kvinna urettmessig utbetalt 116 066 kroner arbeidsavklaringspengar. I retten tilstod kvinna utan atterhald.