Hopp til innhold

PRØVDE Å TA SEG INN I FEIL HUS:

Ein rusa 25 år gammal mann prøvde i natt å ta seg inn i huset til eit eldre ektepar på Sveio. Politiet fekk melding om hendinga 03.01. – Det var ein kraftig rusa ungdom som skulle på nachspiel og tok feil adresse. Ekteparet opplevde det som ganske dramatisk, sjølv om han ikkje var truande, seier operasjonsleiar Håkon Tornes i politiet. Mannen blei køyrt heim og pålagt å halde seg der resten av natta.