Hopp til innhold

Uroa for pågåande seljar

Politiet opplyser at ei eldre kvinne har meld frå at ho hadde fått besøk av ein utanlandsk mann som skulle selje blomar. Han var pågåande og skapte frykt hjå dama. Da torde ikkje dama anna ennå betale kr 50 for nokre roser. Andre naboar hadde sett mannen i lag med ei dame og ein mørk bil vart brukt. Politiet har ikkje identiteten på dei to eller bilen, opplyser politidistriktet.