Hopp til innhold

Bot og fengsel for fyllekøyring

Ein mann i 40-åra er i Fjordane tingrett dømd til fengsel i 21 dagar og 30.000 kroner i bot for promillekøyring i mars i år. Blodprøve tre timar etter køyreturen i Hyllestad viste ein promille på 1,71. Mannen, som er av utanlandsk opphav, taper også retten til å køyre bil i Norge i to år.